Om Liv

«Liv skriver viser som hun lever: intenst, heftig, lettbeint og med stort alvor”

Mari Tangen, Stemmer


Liv Kreken har vore aktiv utøvar frå ho fyrste gong opptrådte offentleg åleine som 11-åring på 17. mai. Men debutalbumet Søt og Snill kom først i 2010. Albumet fekk svært gode tilbakemeldingar i heile Norden. På sleppeturnéen for albumet Dim Sum held Liv sleppefest i fire land.            

Liv har mellom anna fått låtskrivarklubben Nye Skalders ærespris og har motteke stipend frå Norsk komponistfond. Ho har også vært organisatorisk aktiv og sete i styret for Nordvisa, Nye Skalder, Visens Venner og Soon Viseklubb.

Tidlegare har Liv vært manager for band, arrangert musikkfestivalar og i stund dreiv ho nysirkuset Ingen Sjiraffer. Ingen sjiraffer vart etterkvart omgjort til plateselskap med fire utgivelsar med andre artistar og ein eigen singel.

Andre artistar nyttar gjerne Livs songar, og fleire av dei er omsette til svensk. Snøenglar er og omsett til Dansk og Tysk.


Om mine samarbeidspartnarar:

.

Vegard Iversen, fast gitarist:

Etter at eg gav ut mitt debutalbum i 2010, vart Vegard Iversen med som fast gitarist. Han spela på den tida i fleire band, men gjekk etter kvart over til å satse på eiga solokarriere ved sidan av å turnere med meg. Bortsett frå nokre månader i 2013, har Vegard stort sett vore med meg på alle speleoppdraga eg har hatt. Eg set svært stor pris på samarbeidet med Vegard. I tillegg til å vere ein drivande dyktig gitarist, er han fleksibel, ryddig og alltid til å stole på. Han er dedikert både til eigen musikk og til min, og etter kvart har han også i stor grad vore med å påverke dei musikalske vala eg tek når eg lagar nye ting. Eg kjenner meg svært privilegert som har ein musikar som Vegard Iversen på laget!

.

Mark Axiak, Studio X:

Eg vart kjent med Mark Axiak i forbindelse med ein konsert i Son Kulturkirke der han var ansvarleg for lyden. Både min faste gitarist, Vegard Iversen, og eg var svært nøgde med lydbiletet Mark lett og uanstrengt sette opp. Etter å ha diskutert musikk og produksjon med Mark etter konserten, forstod eg raskt at han var den rette til å produsere mitt nye album.

Mark er kreativ og tenkjer nytt, samtidig som han sjølv er ein svært dyktig musikar som bidreg med sterke musikalske innslag i produksjonane. Han har stor respekt både for musikkproduksjon og for musikarar han samarbeider med. Noko av det eg set størst pris på med Mark er at han evnar å få fram det beste i meg som artist, ikkje berre teknisk men også i tolkinga av min eigen musikk. Det vere seg gjennom direkte innspeling framfor mikrofonen, eller avklårande samtalar før ei innspeling. Eg set stor pris på samarbeidet med Mark Axiak, både som produsent og musikar.

.

I was introduced to Mark Axiak at an concert at Son Kulturkirke, where Mark was the sound engineer. Both my regular guitarist, Vegard Iversen, and I were very satisfied with the sound Mark easily and effortlessly set up. After discussing music and production with Mark after the concert, I quickly realized that he was the right one to produce my new album.

Mark Axiak is creative and innovative producer, in addition to be a very talented musician who also contributed with strong musical elements in the productions. He has a great respect both for music production and for the musicians he works with. Some of what I really appreciate about Mark is that he is able to bring out the best in me as an artist, not only technically but also in the interpretation of my own music. This can be in the recording session in front of the microphone, or a clarifying conversation before the recording. I really appreciate the collaboration with Mark Axiak, both as a producer and musician.

.

Anette Gilje, Fonogram:

Alle gode ting er tre! Etter å ha gitt ut mine to fyrste album på to ulike plateselskap (Normann Records og Kirkelig Kulturverksted), fekk eg våren 2020 tips om å kontakte Anette Gilje i Fonogram. I motsetnad til dei to andre gongene hadde eg ikkje noko fix ferdig produksjon, men tre låtar klare for slepp – ved sidan av arbeidet med det som skal verte eit album som kjem hausten 2020. Anette kjende godt til musikken min frå før, og var svært positiv til å jobbe med dette. Ho tok tak i prosjektet mitt med ein gong, og det gjekk ikkje lenge før me hadde klargjort fyrst song for slepp. Den vart  sleppt på NRK Sogn og Fjordane den 16, mars. Anette er arbeidsam, dyktig og ryddig. Eg har sjølv tidlegare arbeidd både som artistmanager og drive eit lite plateselskap (Ingen sjiraffer), og har stor respekt for den strukturerte og målretta måten Anette arbeider på. Eg er godt nøgd med å vere artist på Fonogram, og eg er stolt av å vere artist i stallen til Anette Gilje!

.

Tor Ærlig, illustrasjonar:

Sjølv om Tor Erling Naas er best kjend som teiknaren Tor Ærlig, med seriar som Evig Ung, Apefjes og Hjertemosaikk, har eg i mange år kjent han som musikar som skreiv underfundige viser om Generasjon f.eks og Johannesens åpenbaring. Eg vart kjend med Tor Erling i den halvetablerte, halvstrukturerte men heilhjerta låtskrivarklubben Nye Skalder på byrjinga av 2000-talet. Eg var svært glad då han sa ja til å illustrere dei tre nye songane mine. Kvart av bileta er kunstverk i seg sjølve, og Tor Erling har verkeleg evna å få fram essensen i tekstane i illustrasjonane.